-Studiar om funksjonshemming og kjønn handlar oftare om kvinner enn menn. Derfor veit vi lite om korleis menn med ulike funksjonsnedsettingar opplever ulike livssituasjonar. Vi veit at menn og gutar blir utsett for vald og overgrep, og at valdsutsette menn ikkje veit kor dei kan få hjelp. Korleis opplever menn med funksjonsnedsettingar å vere valdsutsett? Vi treng slik kunnskap for å gi likeverdige offentlege tenester, seier avdelingsdirektør i Bufdir, Anna Bjørshol.
Kjønn får lite merksemd i forskinga
Kunnskapsoppsummeringa viser også at kjønn generelt får lite merksemd i forsking om funksjonshemming. Få studiar ser på korleis kjønn og funksjonshemming verkar saman på individ- eller samfunnsnivå. Dei studia som drøfter kjønn gir til saman eit fragmentert bilete. Studiar om kjønn, funksjonshemming og sysselsetting tek til dømes ikkje opp spørsmål om den kjønnsdelte arbeidsmarknaden.
Funksjonshemming som hovudidentitet
Forfattarane av studien konkluderer med at funksjonshemming i forsking blir ein identitet som skuggar for andre skilnader. Det bidrar til å forsterke stereotypiar om at personar med funksjonsnedsetting ikkje har kjønn, og er passive og pleietrengande. Når funksjonshemming blir hovudidentitet i forskinga, bidreg det også til at det er lite kunnskap om kjønn og det å leve med funksjonshemming.
-Korleis ser ulike grupper menn med funksjonsnedsetting på seg sjølve? Korleis er det å vere mann eller kvinne og ung, gamal, heterofil, homofil, minoritetsetnisk, og leve med funksjonshemming? Denne rapporten er viktig for oss fordi den peikar på sentrale hol i kunnskapen om kjønn og funksjonshemming, avsluttar Anna Bjørshol.
les mer her der du finner linken: Les kunnskapsoppsummeringa Kjønn i forskning om funksjonshemming.